torsdag 25. april 2013

SAN PHRA PHUM ELLER PÅ NORSK… ÅNDEHUS











Sjølv om buddhisme har vore statsreligionen i Thailand si på 1200-talet så slapp dei aldri heilt taket i animismen som dei trudde på tidlegare, animismen og buddhismen har utvikla seg saman. Alle som har vore i Thailand har heilt sikkert sett det som er eit tydleg tegn på animismen, alle som har vore i Thailand har sett eit åndehus. Åndehusa du ser på kvar einaste (eg har iallefall aldri sett noko unntak) eiendom i Thailand. Etter kva folket i Thailand trur så finnes det ånder overalt rundt oss, ånder som kan bringe oss medgang og lykke eller ånder som virkelig kan stikke kjeppar i hjula for oss. For at åndene skal ver fornøyde og gi oss lykke og medgang så er det viktig å gi dei ein stad å bu, vise dei respekt og gi dei gaver i form av røykelse og å gi dei mat og drikke... gjerne ein skvett whiskey.





Om du planlegg endringar på eiendomen, eller kanskje det er venta ein baby eller eit bryllup, då er det viktig å informere åndene og be om deiras velsignelse.





Det er ikkje tilfeldig korleis du plasserer åndehuset ditt, det finnes mange reglar som at det helst skal stå mot aust og at skyggen frå hovedhuset aldri må treffe det, men den endelige plasseringa må finnas i samråd med ein brahmin prest eller ein munk som er opplært av ein brahmin prest.





Sjølv det å kvitte seg med eit åndehus må skje på rette måten. Skulle du av ein eller anna grunn bli nødt til å kvitte deg med åndehuset ditt og skaffe eit nytt så må det skje etter boka... det er viktig at åndene flyttar over i sin nye bolig. Når du har fått flytta åndene over i ny bolig så må det gamle åndehuset plasserast på ein spesiell stad der det er plassert fleire gamle åndehus, gjerne i nærheten av eit tempel.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar