torsdag 4. april 2013

PRASAT HIN PHIMAI


Ikkje langt frå her eg held til i Thailand ligg Phimai historical park. Her kan du sjå ruinane av eit av dei viktigaste khmer tempela i Thailand, bygd på 1100 og 1200 talet (nokon bygg så seint som 1300 talet). Tempelet markere eine enden på ein gamal hovedveg gjennom Khmer riket, vegen starta i Phimai og enda i Angkor. Dette skal ha vert den viktigaste ferdselsåra i det gamle Khmer riket, så Phimai må ha vore ein viktig by den gang.


Sjølv om hindu var religionen i Khmer riket, så er Phimai bygd som eit buddhistisk tempel. Buddhisme har vore hovedreligionen i Korat området sidan 600-talet.

 
Prasat hin Phimai er virkelig verdt eit besøk:) 
 
(Men eit lite tips har du tenkt deg dit, ta gjerne med deg paraply for der kan bli veldig varmt og kjøp med deg inn drikkevarer, for det selge dei ikkje på området )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar