Denne helga har Thailand feira Asanha Bucha. Ved fullmåne den åttende månden (etter asiatisk kalender, som regel i juli) feirar buddhistane i Thailand Asanha Bucha.
Dette er ei av dei viktigaste buddhistiske høytidene, og feiringa er for å minnast Buddha sin første preken og grunnlegginga av den buddhistiske sangha (ordinering av buddhistiske munkar).
For thai menn/gutar er det difor ein populær dag å gå inn i tempelet som munk for ein periode.
Buddhistane i Thailand besøke sitt lokale wat og ein av gavene dei tradisjonelt har med under Asana Bucha er talgelys. Ein tradisjon fra tida før elektrisiteten når munkane trong ekstra lys i denne mørke tida av året. Eindel av sermonien dei gjer under besøket i wat'et er å gå rundt tempelet med tennt lys og lotus blomar.
I byar rundt i Thailand er det opptog der talg/talgelys er sentralt. Dei lagar enorme flåtar med talg skulpturar.
Bilda eg legg ut her er fra feiringa i Korat/Nakhon Ratchasima. Eg tok turen til YaMo Plaza og beundra flåtane som stod oppstilt der.
YaMo fann eg på fleire av dei.












