torsdag 13. oktober 2016

Kvil i fred Rama IX kong Bhumibol Adulyadej



Trist å høyre at Thailands populære konge har sovna inn.
Eg tenkte markere det med å legge ut ein musikkvideo av han...



tirsdag 24. mai 2016

สวนทุ่งลุงพี โฮมสเตย์ - SUAN THUNG UNCLE PEE










Thailand er eit enkelt land å få tak i god mat, kor enn du snur deg finn du ein restaurant, ein fortauskafe, ei vogn som selger posar med eit lite utvalg rettar. Eg elskar thai mat.
I mange, mange år har denne restauranten i Kham Thale So vore høgt på lista over mine favoritt restaurantar.
(rett nok har eg i eit årstid bete meg merke i at maten har vorte ein dårligare, porsjonane mindrene og mindre og prisane har sakte men sikkert bevega seg til eit latterlig høgt nivå.) Ting endra seg når eigarane fekk andre til å drive seg, og få (om nokon) av endringane var i positiv retning. Men når eg var innom for eit par veker sidan snakka eg med familien til eigaren og fekk den gode nyheten at dei kjem til å ta over drifta igjen sjølv frå 1. juni.
JIPPI
Nå kan eg tryggt reklamere for staden igjen.



Plassen er unik. Han som har bygd opp plassen er ein samlar, ein virkelig samlar, han samlar på alt og alt han samle stiller han ut der... Her finn du ein gigant samling Starbucks koppar, du finn flotte, verdifulle buddhistiske figurar, ei kjempe samling av film plakatar frå 50 og 60 tallet, han har ei stor samling sigarettar frå heile verda, mengder med gamle kaffikverner har han og skaffa seg, han har samla sølv bestikk, ei herlig samling gyngehestar er noko alle ungar eg veit om sette pris på, oppunder taket heng ei rekke sykklar, under eit tak heng fisketeiner og korger, i ein paviljong finn du mange bogar og piler, ei fin samling innrama Marlboro reklamar har og fått ein vegg, rundt på eiendomen finn ein dei flottaste åndehus eg har sett, eg kunne ramse opp mangfoldige sider med eksempel på kva han har samla...











Kor mange timar eg har gått rund der og kikka gjennom åra, det har eg ikkje tall på, men eg finn heile tida masse nytt eg ikkje har lagt merke til før.








Dette er ein plass eg går med venner og spise frokost, dette er plassen familien min går med ungane, her tar eg med småbarnsfamiliar eller går for å ta nokon øl og litt spicy salatar ein kveld...










Du kan velge å sitte inne i air condition eller i ein av paviljongane ute ved vatnet. Min lillebror vil sitte ute for då kan "Lukas gi blø to the fish"










Det er ikkje berre å mate fiskane som er kjekt ute der, både små og store finn ting dei kan sjekke ut der ute.









Det er berre så mykje å sjå på og ta inn der, så godt å høyra at eigerane overtek drifta der igjen nå.

Maten deiras er veldig god. Dei servere berre Thai mat, god thai mat.  Sjølv om eigaren overtek drifta igjen så vil det aldri bli billigaste restaurant, men prisane er greie og det er absolutt verdt det.





Når du er det er det absolutt å russle litt ein av stiane der og sjå på tinga som er spredd litt lenger vekk frå sjølve restauranten. Forskjellige flotte gjenstandar spredd der sjølv om eg stortsett fokusere på åndehusa og plantane.











Men det siste eg kikka på før eg fer der i frå er alltid det samme, samme litle fyren eg må bor å kikke på kvar einaste gong.





EG VIL HA EIN FROSKEPRINS VANNKRANE!!!


torsdag 17. september 2015

SWAT CAT




I utgangspunktet interessere ikkje sport det aller minste, ingen sportsgreiner, har aldri forstått meg på folk som sit benka framfor TV for å kikke på sport, har aldri sett poenge med å bruke peng på bilettar til idretts arangement... sport er KJEDELIG!
Men sport i Thailand er ikkje det same som sport i resten av verda, sport i Thailand er eit folkeliv, eit engasjement som ikkje likna noko anna, i Thailand går eg på alle greiner av idrett... og eg elskar det, men det eg likar best er Swat Cat (Nakhon Ratchasima F.C.) sine fotballkampar...





Er du nokon gong i eller i nærheten av Korat er det absolut verdt å ta turen til His Majesty the King's 80th Birthday Anniversary, 5th December 2007 Sports Complex og oppleve ein Swat Cat kamp.






Eg huskar ikkje heilt kor mange år det er sidan eg var på min første Swat Cat kamp, vil tru det er rundt 6-7 år sidan. Swat cat var ikkje i Thai Premier League då, men dit kom dei denne sessongen :) :) :)

Eg vart hekta etter første kampen eg var på, sjølv om det den gong var berre ein brøkdel av det tilskuar talet laget har i dag. På tilskuar statistikk for heile syd aust asia finn du Swat Cat som nr to etter Buriram, ikkje verst for eit lag som spelar sin første sessong i Thai Premier League. Når Swat Cat og Buriram( laget som ligg på topp av tabellen) spelte uavgjordt 11 juli vart det faktisk sat tilskuar rekord for Thai Premier League, heile 34.689 menneske samlast då på the 80th Birthday stadium...







34.689 mennesker... seier seg sjølv at det blir stemning, det er berre heil fantastisk når nokon ti talls tusen mennesker kledd i orange set igang og syng We are the cats, we are the cats...









Når eg er på kampane betle eg for dyraste bilettane og finn meg ein plass enten samen med eller så nær suporter gjengen som mulig, som sagt har eg ikkje vore den mest sports interesserte i verda, suporterane er 
minst like kjekt å sjå på som det kampen er...








Eg poste nokre linkar her, der du kan finne meir informasjon, kamp datoar, tabellar og den slags...




http://www.clubwebsite.co.uk/koratfc/87605/Home

https://www.facebook.com/Nakhon-Ratchasima-FC-English-197240730376071/timeline/?ref=profile


onsdag 25. mars 2015

WAT BAN RAI





Det utan tvil mest spesielle, facinerande, fargesprakande, innhaldsrike... ja i det heile... tempel eg nokon gong har sett er Wat Ban Rai i Dan Khun Thot.




Tempelet som og vert  kalla elefant tempelet er bustaden til den kjente munken Luang Phor Koon Parisuttho.
Luang Phor Koon Parisuttho er ein gamal mann, født 4. oktober 2466 (1923 etter vår kalender).




Wat området inneheld blant anna dette elefant tempelet, meir tradisjonelle buddhistiske bygningar, eit museum med voks figurar av  Luang Phor Koon Parisuttho, nokre av eiendelene hans, og andre buddhistiske hellige gjenstandar.









Elefant tempelet er den største mosaikk helligdomen i Asia, Thai folket har for hand satt saman over 20 millionar mosaikk fliser.








I ein blogg saag eg elefant tempelet skildra slik: "The outside of the temple looks like a Hells Angels-Hindu-Christian-Greco-Roman mash-up with Hindu looking gods being portrayed as Poseidon and possibly even Zeus." og det er ein rimelig presis skildring...









Inne i dette tempelet er det som eit kunst museum med malerier og moderne buddhistisk kunst.











På taket av elefanten står to store statuar, ein av Buddha og ein av ein munk. Der oppe får du og med deg ein flott utsikt.

Wat Ban Rai er virkelig verdt ein tur... eller fleire... trur ein kunne rusla rundt og kikka i både ei og to veker utan få med seg alle detaljar.






Dan Khun Thot ligg ein drøy time køyring fra Korat... passlig fin dagstur.