tirsdag 20. august 2013

Eg er blitt hekta....

Har hatt eit lite rydde og slette raid på pc'en min i dag og når eg kikka på bilda så kom eg fram til at berre frukta i dette landet er jo god nok grunn til å busette seg her...


Vannmelonen smakar så mykje meir og bedre enn i Norge og dei selge den overalt...





Det er alltids ein palme du kan sende ein thai opp i for å plukke nokon kokosnøtter...




 Mangusteen er viktig å få med seg nok av i sessongen (som er alt for kort), grisete å eta, men heilt fantastisk på smak...



Frisk falang (eller guava heiter det vel skal det vera rett) er aldri feil...




Sur mango dyppa i ein sterk chili blanding er jo skikkelig snop...




Søte, saftige rambutan er jo nydelige både til å eta og til å sjå på...




Sala kan ein få heile året (forresten nokon som veit om noko norsk navn på sala?)




Ka-noon smaken har me ikkje noko i Norge me kan samenlikne med... snadder eg kan knaske på heile dagen... (Jackfruit heiter den vel på engelsk, men igjen... nokon som veit om eit norsk navn på den?)




Tamarind er kanskje ikkje det som ser mest fristande ut... men gu ko godt, både i sin naturlige form og i den spicy varianten på boks. Eg må alltid ha med meg eit stort lass spicy tamarind når eg fere til Norge...











 I hagen har eg nydelige pasjonsblomar... men ikkje frukt, den må eg kjøpa, men til ein heilt, heilt anna pris enn kva du må ut med i Norge...





Chompho (eller noko slik) er ei slik frukt eg alltid endar med å dra med meg heim på varme dagar, kanskje ikkje mest smak, men så frisk og leskande...

Eg må nok berre innsjå at eg er blitt hekta på frukt... 



Om ikkje kvelden vert avslutta med ei god bok og frukt så e da noko som mangla...

Det rare med dette er at etter at me flytta heim til Norge fra Gran Canaria i 1989 så har eg knappt smakt ei frukt... tvile på at eg på dei åra har spist så mykje som 10 frukter, eit snitt på mindre enn ei halv frukt i året...
 Trur eg har i meg meir enn det før frukost kvar dag, nå... 

Jaja... e vel ikkje verste avhengigheten eg kunne enda med...

mandag 19. august 2013

Eg vil dele min favoritt thai sang :)


HELLFIRE PASS MEMORIAL MUSEUM

Kanchanaburi området har jo ei lang, lang rekke severdigheter knytta til jernbanen som krigsfangane bygde under 2. verdenskrig, ikkje minst  filmen om brua over river Kwai får ein strømm av turistar til å oppsøke distriktet... På min korte tur i det området fekk eg berre sett ein liten del av det, men eg er glad for at ein av tinga eg fekk med meg var Hellfire Pass Memorial Museum... At det faktisk var gratis inngang (du vel sjølv om du vil legge ein liten donasjon på sparebøssa ved inngangen) er berre eit stort ekstra pluss til ein alerede super opplevelse.
I følge kartet me vart anbefallt å stikke innom turispolitiet å hente oss, så er det 8 mil kjøring fra Kanchanaburi, men langs vegen er det mange andre severdigheter (og mange resortar nærare museet) så det er fint å bruke ein dag (eller fleire) i den retning...
Museum beøket er delt i to, ein flott og informativ utstilling, i fine lokaler med aircondition og ei 4 kilometer lang turløypet langs restane av jernbanen. (Du treng ikkje gå heile løypa, du kan snu nett når du måtte ønske det)
Uheldigvis så samarbeida ikkje kamera mitt så eg fekk tatt innendørs bilder, dåke må ta turen å sjå sjølv, men utstillingen var som sagt informativ, den var oversiktlig og interessant.


Eg skal ikkje legge skjul på at turen langs stien var varm og klam, men opplevelsen var meir enn verdt det. Sjølv om me sjølvsagt ikkje har ein sjanse til å forestille oss kva krigsfangane og "slave-arbeiderane" der gjennomgjekk, så gav turen (i samanheng med utstillingen) eit godt bilde av kva som skjedde der, kva forhold dei hadde...

stetoskop 







Ein fekk eit inntrykk av omfanget og menneskeskjebnane...



...og alt dette midt oppi og i skarp kontrast til storslåtte og fantastiske naturopplevelsar...


Kort sagt HELLFIRE PASS MEMORIAL MUSEUM er vel verdt eit besøk.

Sjølve Hellfire pass.





MIDDAGSSELSKAP THAI STYLE...

Eg trur det var Thomas Beecham som ein gong sa "Man skal prøve alt én gang, unntatt blodskam og folkedans"... har han ikkje rett i det då?
Det trur eg at han har... alt må prøvast om ikkje anna så berre for å ha prøvd det...
Så når eg satt på facebook-chat med mi eldste datter for vel eit år sidan og kom med masse usj og æsj og aldri for å bli møtt av responsen "slutta tulla mamma, du kjem til å springe og prøve om ikkje anna så for å kunne poste på nettet at du har gjordt det..." så innsåg eg at ho var inne på noko og eg hasta opp i gata på middagsbesøk...








I Thailand et dei det meste, så eg kunne jo ikkje ver dårligare, åt dei rotte så måtte eg i det minste smake... og overraskande nok, så var det faktisk veldig godt...











Wat Pha Luang Ta Bua eller Tiger Tempel





Ein av dei atraksjonane i Thailand eg har hatt høgast på lista over kva eg vil få med meg har vore tiger tempelet utanfor Kanchanaburi. Så når eg var i det området så måtte eg jo benytte sjansen...
SNAKK OM NEDTUR!
Når me kom dit så reagerte me på bilettprisen... 600 bath, men fann ut at det var heilt sikkert verdt det...
Men uff... UFF UFF UFF.
Vil sei at dette blogg innlegge har eg  prøvd å skrive fleire gonger... men klara ikkje heilt å bestemme meg for kva eg skal skrive... Eg var faktisk ikkje ut av porten der før eg var igang med å planlegge kva eg skulle skrive, men då følte eg vel helst for å skriva eit kokande, rasande impulsivt stykke... Nå prøve eg vel helst å finna balansen mellom det raseriet og det saklige...
Som sagt så var tiger tempelet noko eg lenge har ynskja å sjå, og eg har vel sett det for meg som noko bra noko, ein stad tigrane har det bra, eit prosjekt som fokusere på det beste for dyra...
Jammen har eg vore naiv... ufattelig naiv... dette er ei pengemaskin, fokuset er korleis dra mest mulig peng utav turistane og kun det.
Vårt første glimt av tigrane var dette her... ein munk som lekar og kosa med ein tiger før han gir han noko frå ein blank pose... (framleis så betrakta me det heile med eit ope og positivt innstillt sinn...)


Me går nærare tigrane, kjæle litt med dei og begynne fort å bli litt meir betenkte... tigrane såg igrunn ut som om ein kunne ha hoppa på dei utan at dei ville ha reagert... er det normal adferd for tigrar å ver så satt ut... er dei virkelig ikkje dopa??? Me prøvde å stille nokre kritiske spørsmål, men folket der var svært lite interessert i å svara...



Når me såg bort over på desse flotte dyra som låg på rekke og rad, eine sløvare enn den andre lenka fast i korte lenker (noko dei sjølvsagt må ha når hundrevis av turistar skal trø i mellom dei) så blei det berre meir og meir betenklig, meir og meir tragisk, så me var raske med å finne utgangen igjen. Skynta oss tilbake i bilen med ein litt ekkel følelse i magen etter å ha bidratt med 600 bath kvar til eit slikt konsept som det der...


(Eit einaste unntak frå dei ner sløva, fastlenka, stakkarsane såg me... denne litle krabaten vart leid i rundt og såg ut til å leke og kosa seg.)

Som sagt så var tankane begynnt å jobbe med eit blogg innlegg alt før me kom oss ut porten, men eg har ikkje visst kva eg skulle sei... Rett skal ver rett... tigrar (eller dyr generellt) er på ingen måte mi sterkaste sida, eg er så langt frå ekspert på tiger adferd og kva som er bra for tigrar som det er mulig å vera... men tar det frå meg retten til å opne kjeften om noko som i mine auger virka feil? Håpa det ikkje gjer det, men for å ver på sikkre sida, så gjekk eg på nettet for å finne litt meir informasjon...
På nettet vert eg møtt av overskrifter som "Thailand's Tiger Temple: Unsafe, cruel, and riddle with false marketing, claims new report", "Report reveals extent of cruelty at Thailand's Tiger Temple" og "Tigers at Thai Temple Drugged Up or Loved Up?" for å nevne nokon... det må jo bety at fleire enn meg har reagert og det ser til og med ut til at det er folk med langt meir kunnskap om tigrar og dyr enn kva eg har, har reagert...
Så eg håpe at før folk betaler biletten inn der og bidrar til eit slik prosjekt så tar dei ein kikk på desse linkane eg deler her...

http://en.wikipedia.org/wiki/Tiger_Temple
http://www.wildlifeextra.com/go/news/tiger-temple013.html#cr
http://www.wspa-international.org/whoarewe/wspaasia/tiger_temple_thailand.aspx


 


 

 

 

 






T.I.T. - This is Thailand. Amazing Thailand.

Når du ferdas rundt i Thailand så snubble du over ting som du ikkje finn andre stader...

...som denne one-seven butikken rett utanfor Pachi...






...nyttig informasjon om kor å finna NO PLACE FOR DRUG...





... eit HAPPY TOILET ikkje langt fra Kham Thale SO...






...bruksanvisning for toalettet...





... eller småjenter i bur med hanane.