Ein av dei atraksjonane i Thailand eg har hatt høgast på lista over kva eg vil få med meg har vore tiger tempelet utanfor Kanchanaburi. Så når eg var i det området så måtte eg jo benytte sjansen...
SNAKK OM NEDTUR!
Når me kom dit så reagerte me på bilettprisen... 600 bath, men fann ut at det var heilt sikkert verdt det...
Men uff... UFF UFF UFF.
Vil sei at dette blogg innlegge har eg prøvd å skrive fleire gonger... men klara ikkje heilt å bestemme meg for kva eg skal skrive... Eg var faktisk ikkje ut av porten der før eg var igang med å planlegge kva eg skulle skrive, men då følte eg vel helst for å skriva eit kokande, rasande impulsivt stykke... Nå prøve eg vel helst å finna balansen mellom det raseriet og det saklige...
Som sagt så var tiger tempelet noko eg lenge har ynskja å sjå, og eg har vel sett det for meg som noko bra noko, ein stad tigrane har det bra, eit prosjekt som fokusere på det beste for dyra...
Jammen har eg vore naiv... ufattelig naiv... dette er ei pengemaskin, fokuset er korleis dra mest mulig peng utav turistane og kun det.
Vårt første glimt av tigrane var dette her... ein munk som lekar og kosa med ein tiger før han gir han noko frå ein blank pose... (framleis så betrakta me det heile med eit ope og positivt innstillt sinn...)
Me går nærare tigrane, kjæle litt med dei og begynne fort å bli litt meir betenkte... tigrane såg igrunn ut som om ein kunne ha hoppa på dei utan at dei ville ha reagert... er det normal adferd for tigrar å ver så satt ut... er dei virkelig ikkje dopa??? Me prøvde å stille nokre kritiske spørsmål, men folket der var svært lite interessert i å svara...
Når me såg bort over på desse flotte dyra som låg på rekke og rad, eine sløvare enn den andre lenka fast i korte lenker (noko dei sjølvsagt må ha når hundrevis av turistar skal trø i mellom dei) så blei det berre meir og meir betenklig, meir og meir tragisk, så me var raske med å finne utgangen igjen. Skynta oss tilbake i bilen med ein litt ekkel følelse i magen etter å ha bidratt med 600 bath kvar til eit slikt konsept som det der...
(Eit einaste unntak frå dei ner sløva, fastlenka, stakkarsane såg me... denne litle krabaten vart leid i rundt og såg ut til å leke og kosa seg.)
Som sagt så var tankane begynnt å jobbe med eit blogg innlegg alt før me kom oss ut porten, men eg har ikkje visst kva eg skulle sei... Rett skal ver rett... tigrar (eller dyr generellt) er på ingen måte mi sterkaste sida, eg er så langt frå ekspert på tiger adferd og kva som er bra for tigrar som det er mulig å vera... men tar det frå meg retten til å opne kjeften om noko som i mine auger virka feil? Håpa det ikkje gjer det, men for å ver på sikkre sida, så gjekk eg på nettet for å finne litt meir informasjon...
På nettet vert eg møtt av overskrifter som "Thailand's Tiger Temple: Unsafe, cruel, and riddle with false marketing, claims new report", "Report reveals extent of cruelty at Thailand's Tiger Temple" og "Tigers at Thai Temple Drugged Up or Loved Up?" for å nevne nokon... det må jo bety at fleire enn meg har reagert og det ser til og med ut til at det er folk med langt meir kunnskap om tigrar og dyr enn kva eg har, har reagert...
Så eg håpe at før folk betaler biletten inn der og bidrar til eit slik prosjekt så tar dei ein kikk på desse linkane eg deler her...
http://en.wikipedia.org/wiki/Tiger_Temple
http://www.wildlifeextra.com/go/news/tiger-temple013.html#cr
http://www.wspa-international.org/whoarewe/wspaasia/tiger_temple_thailand.aspx












Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar