Det utan tvil mest spesielle, facinerande, fargesprakande, innhaldsrike... ja i det heile... tempel eg nokon gong har sett er Wat Ban Rai i Dan Khun Thot.
Tempelet som og vert kalla elefant tempelet er bustaden til den kjente munken Luang Phor Koon Parisuttho.
Luang Phor Koon Parisuttho er ein gamal mann, født 4. oktober 2466 (1923 etter vår kalender).
Wat området inneheld blant anna dette elefant tempelet, meir tradisjonelle buddhistiske bygningar, eit museum med voks figurar av Luang Phor Koon Parisuttho, nokre av eiendelene hans, og andre buddhistiske hellige gjenstandar.
Elefant tempelet er den største mosaikk helligdomen i Asia, Thai folket har for hand satt saman over 20 millionar mosaikk fliser.
I ein blogg saag eg elefant tempelet skildra slik: "The outside of the temple looks like a Hells Angels-Hindu-Christian-Greco-Roman mash-up with Hindu looking gods being portrayed as Poseidon and possibly even Zeus." og det er ein rimelig presis skildring...
Inne i dette tempelet er det som eit kunst museum med malerier og moderne buddhistisk kunst.
På taket av elefanten står to store statuar, ein av Buddha og ein av ein munk. Der oppe får du og med deg ein flott utsikt.
Wat Ban Rai er virkelig verdt ein tur... eller fleire... trur ein kunne rusla rundt og kikka i både ei og to veker utan få med seg alle detaljar.
Dan Khun Thot ligg ein drøy time køyring fra Korat... passlig fin dagstur.















































