Vendt mot aust (ein retning som bringer medgang og velstand) på toppen av ein 402 meter høg utdødd vulkan i Buriram provinsen, Isaan, finn du ruinane etter khmer tempelet Phnom Rung, fullt navn Prasat Hin Phanom Rung. Tempelet ligg langs det som var hovedvegen igjennom Khmer riket, vegen fra Angkor til Phimai.
Eit sandstein og lateritt tempel bygd i perioden mellom 900 talet og 1200 talet, eit tempel via til Shiva. Tempelet symbolisere Kailashfjellet, Shiva sin himmelske bolig. Beliggheten på toppen av denne vulkanen er virkelig med på å gjer dette til ein stad verdt å sjå, sidan meste av Thailand er flatare enn flatt, så flatt at Danmark framstår som reine alpe landskapet, så gjev desse 400 metrane høgde ein heilt enorm utsikt, føles som ein kan sjå til verdens ende.
I dei 17 åra 1971 til 1988 vart Phanom Rung restaurert, og prinsesse Maha Chakri Sirindhorn opna det for publikum 21. mai 1988.
I dag er det ikkje mange gamle Khmer tempel hverken i Thailand eller Kambodia som er i like god stand.
Kjedelig nok så hadde eg ingen bilder som viser heile den imponerande alleen opp mot tempelet, desse to kjem ikkje eingong nær å gi eit inntrykk av kor flott det er...
Denne alleen er full av symboler, der du går er du på veg mot enden av verda og ser tempelet der framme som symboliserer himmelen, gudane sin bolig.
På vegen opp mot tempelet må du over tre Naga bruer, skulpturar av den 5-hoda slangen, Naga er vendt alle himmelretningane, og dei er voktera over vatnet på jorda. Dei skal symbolisere regnbogen, regnbogen som er symbolet på båndet som er mellom menneska si verd og gudane.
Naga figurane er frå 1100 talet eingong.
Hovedtempelet bygd i rosa sandstein vart bygd på 1000 talet, det er 9.5 meter bredt og 23 meter høgt.
Oppigjennom åra... århundra har eindel av motiva på tempel veggenet forsvunnet, mange av dei er godt prega av tida, men endo er det utrulig mykje flott arbeid å sjå om du studerer veggene.
Rundt tempelet er det og mykje fin natur å sjå og eg fann sjølvsagt flotte hanar å ta bilder av.
Som eg nevnte i starten hadde eg ikkje noko bilde som viste kor imponerande vegen opp mot tempelet er, men bildet av vegen ner igjen er igrunn litt imponerande det og...
Inngangspenger kostar 100 bath for utlendingar, eller du kan betale 150 bath for ein bilett som og gjeld for både Phanom Rung og Muang Tam.
Dette var berre litt kort om dette tempelet... men eg anbefale alle og ta ein tur.




















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar