Mitt Thailand vart navnet på denne nye bloggen min... Det navnet fekk den for i denne bloggen vil eg samle alt eg skriv om dette landet, her kan dåke få ver med meg på mi reisa for å bli kjent med landet, folket og kulturen.
Sjølv om buddhisme har vore statsreligionen i Thailand si på 1200-talet så slapp dei aldri heilt taket i animismen som dei trudde på tidlegare, animismen og buddhismen har utvikla seg saman. Alle som har vore i Thailand har heilt sikkert sett det som er eit tydleg tegn på animismen, alle som har vore i Thailand har sett eit åndehus. Åndehusa du ser på kvar einaste (eg har iallefall aldri sett noko unntak) eiendom i Thailand. Etter kva folket i Thailand trur så finnes det ånder overalt rundt oss, ånder som kan bringe oss medgang og lykke eller ånder som virkelig kan stikke kjeppar i hjula for oss. For at åndene skal ver fornøyde og gi oss lykke og medgang så er det viktig å gi dei ein stad å bu, vise dei respekt og gi dei gaver i form av røykelse og å gi dei mat og drikke... gjerne ein skvett whiskey.
Om du planlegg endringar på eiendomen, eller kanskje det er venta ein baby eller eit bryllup, då er det viktig å informere åndene og be om deiras velsignelse.
Det er ikkje tilfeldig korleis du plasserer åndehuset ditt, det finnes mange reglar som at det helst skal stå mot aust og at skyggen frå hovedhuset aldri må treffe det, men den endelige plasseringa må finnas i samråd med ein brahmin prest eller ein munk som er opplært av ein brahmin prest.
Sjølv det å kvitte seg med eit åndehus må skje på rette måten. Skulle du av ein eller anna grunn bli nødt til å kvitte deg med åndehuset ditt og skaffe eit nytt så må det skje etter boka... det er viktig at åndene flyttar over i sin nye bolig. Når du har fått flytta åndene over i ny bolig så må det gamle åndehuset plasserast på ein spesiell stad der det er plassert fleire gamle åndehus, gjerne i nærheten av eit tempel.
Kor mange turar eg har hatt til Thailand desse siste åra er eg faktisk ikkje sikker på, kor mange månader eg har vore her tilsaman veit eg heller ikkje, men det byrjar bli eindel, bli såpass at det kan reknast i år....
Med unnatak av ei og anna langhelg til kysten, til Hua Hin eller noko slik, så har eg holdt til langt ut på landsbygda, fjernt frå turisme, i eit miljø det du skal leite før du finn nokon som kan meir enn fem engelske gloser. I kvardagen min i Thailand så har eg norsk slekt rundt meg og pappa har dame som snakkar engelsk, men resten av familien hennar kan knappt ein engelsk glose, det same gjeld for naboar, den lokale kjøpmannen, ja dei aller fleste eg møter på i løpet av ein dag. Med det utgangspunktet så burde jo alt ligge til rette for at eg no snakka thi... Men...
Korleis er egentlig thai kunnskapene mine...
Jo eg kan sei at gravemaskina er rød eller blå eller gul eller rosa eller grønn eller lilla eller dei fleste fargar.
Eg kan sei at lastebilen er liten eller stor eller skitten eller at den vil jobbe.
Eg kan deler av teksten til både Job2do sin "Doo Doo Doo" og Sek Loso sin "Sip see eek krang".
Eg trur eg mestrar dei fleste talla utan å tenke meg for mykje om.
Eg kan sei det er varmt eller kaldt.
Eg kan kjøpe isbitar, sei at den eller den er full, eg kan sei eg er sulten eller mett.
Eg kan nok thai til at eg av latskap har slutta å kommentere med "hahaha" på facebook, eg spare tastetrykk og gjer det på thai med "555".
Eg kan navnet på ein del mat og forstår kva ein god del av det betyr.
Men bortsett frå dette er det ikkje mange glosane eg kan...
Med ein tre og eit halvt år gamal lillebror som er trespråklig (han mestrar thai, norsk og engelsk jamngodt) så skulle ein tru at dei største språk hindringane lot seg løyse, at eg hadde ein liten tolk som kunne trå til om det var nødvendig, men det er slett ikkje alltid det fungerer. Han synes igrunn det er rett så festlig at Haldis ikkje snakkar thai og han synes det er minst like festlig at bestemora eller onkelen eller naboen eller kven det måtte være ikkje skjønnar eit ord av hverken norsk eller engelsk. Ber nokon av oss han om å forklare kva som vart sagt så smile han med eit litt oppgidt uttrykk og knip leppene tett i saman. Når folk er så dumme og håplause at dei ikkje er like språkmektige som han så kan dei berre ha det så godt, då får dei klare seg sjølv, han akte ikkje å hjelpe.
Desse åra eg har reist til Thailand så har vel tanken slått meg om at eg skulle gjer ein innsats for å lære litt thai, men det har berre aldri blitt.
Her for ei vekes tid sidan så var eg, lillebror min og hans besteforeldre på det lokale markedet. Min kjære lillebror hadde ein av sine mindre hjelpsomme dagar og nekta å oversette eit einaste ord... Då begynnte eg å tenke litt... Dette byrjar å grense mot flaut... Egentlig ikkje berre flaut, nesten respektlaust òg... Så mykje som eg har vore her nere og så har eg ikkje klart å lære meg nok thai til å kunne forstå det mest dagligdagse av språket. Eg er ikkje så lite inteligent at det skulle ver umulig for meg å lære nok thai til å gjer meg forstått, eg har ikkje noko alvorlige lærevanskar som eg kan unnskylde meg med... eg har enkelt og greit vore for lat og makelig anlagt. Har som regel hatt nokon der som kunne tolke for meg, har eg funnet meg i ein situasjon der eg hadde behov for å gjer meg forstått eller trong hjelp til å forstå kva som vart forklart meg så har det vore enklare å berre ta fram telefonen å ringe madamen til pappa...
Men når eg kjem dumpande ner i dette little lokal samfunnet år etter år og blir her i månadsvis så er det igrunn noko respektlaust og uhøfflig å ikkje gjer den aller minste innsats for å lære språket.
Eg kan ikkje nett forvente at gamle folk på landsbygda skal sette seg på skulebenken for å lære seg norsk eller engelsk... det er eg som kjem dumpande inn i deiras samfunn, då er det eg som bør innrette meg.
Så nå skal eg ta meg saman, nå skal eg sette meg ner ei stund (kanskje ein time eller to) minst ein 4-5 dagar i veka og gjer ein innsats for å bli fort flinkare i thai.
Uff... høyres nesten litt skummelt ut...
Så derfor desse orda i bloggen... har eg først sagt det høgt og offentlig, så er det ikkje like lett å gøyme seg bak unnskyldningar. Nå skal eg surfe nettet etter thai kurs og frå og med i morgon av så skal eg ver flink og pugge thai)
(Berre så det er sagt, eg lovar ikkje å lære meg det skriftlig... får klare seg med munntlig i første omgang.)
I dag er det 10. april... ikkje lenge igjen til Song Kran nå, så eg tenkte eg skulle skrive nokre linjer om denne feiringa me snart går inn i.
Kva er Song Kran?
For meg er Song Kran folkeliv, vatn, thai whisky og øl, høglytt thai karaoke, overfyllte gater der trafikken knappt nok går på fram, fest, latter, talkum pulver, fargerike hawai skjorter, søkkvåte klær...
Men eg veit jo det er mykje meir enn det...
Desse åra eg har drevet og reist til Thailand, har eg prøvd å spørr og grava og bli litt klokare på det eg opplever, og eg har prøvd å lesa litt, men ofte føle eg egentlig at eg forstår mindre jo fleire svar eg får, og eg får ikkje alltid samstemte svar... sjølv når eg prøve å lesa om ting på nettet så er det ikkje alltid svara eg finn stemme heilt overens, men likevel vil eg prøve å skrive litt om det litla eg har klart å lære meg om Song Kran.
For kva er egentlig Song Kran?
Ordet Song Kran kjem frå ordet samkranti (sanskrit) og direkte oversatt betyr det astronomisk passasje... det betyr å gå inn i... me går inn i eit nytt år, Song Kran, 13. - 15. april, markere nyttår i Thailand, Laos, Kambodsja og hjå nokre minoritetsgrupper i Kina, etter den thailandske solkalenderen.
Songkran har vore feira si før Buddha si tid, mest sansynleg har det vore ei fruktbarhets feiring på veg inn i det nye året.
Heilt frå starten har vatn vore sentralt i feiringa. I den buddhistiske songkran feiringa dynkar folket i Thailand litt vatn over skuldrene eller hendene på dei eldre for å velsigne dei, for å rense vekk gamle synder. Dei sprutar vatn på buddha bilder og munkar for å symbolisera styrke og at året skulle få nok vatn i tørke tida.
Som sagt, songkran vert feira 13.-15. april, dei dagane er offisielle fridagar, men feiringa starta gjerne før og fortsett gjerne litt lenger...
13. april - MAHA SONGKRAN. Maha Songkran markere siste dagen i gamle året og thaiane startar song kran feiringa si. Dagen vert feira med fyrverkeri som skal skremme vekk onde ting og med å beøke tempelet for bønn og offring.
14. april - WAN NAO. Dagen mellom slutten på det gamle året og byrjinga på det nye, Wan Nao er ein familie dag, thai familiar samlast og forberede mat og gavar til å ha med til munkane i tempelet neste dag. Om kvelden bringer dei litt sand inn i tempelet ei symbolsk handling for å bringe tilbake det igjennom året har dratt med deg på skoa når du har gått utfrå tempelet, sanden legg dei i haugar som vert forma som stupaer og dekorert med fargerike flagg. Så vidt eg har forstått er dette dagen du må passe språket ditt, stygge ord denne dagen vil få konsekvenser, då vil det ligge ein forbannelse over heile det nye året.
15. april - WAN THALOEN SOK. Wan Thaloen Sok er viktigaste dagen i feiringa. Familiane bringe mat og gavar til tempelet. I tempelet er det sermoniar kor det vert kasta velsigna vatn på buddha figurar og bilder for å minnast dei som ikkje er her meir, for takknemlighet og for å bringa lykke.
16. april - WAN PARG-BPEE. Siste dagen av songkran feiringa, den dagen skal spesielt dei eldre visast ære. Som tegn på takknemlighet, respekt og ære så dynkes det vatn over håva deiras.
Men som sagt, desse buddhistiske rituala er jo berre ein del av Song Kran feiringa... Song Kran er ein stor fest der heile folket deltar. Folk som jobbar i Bangkok kjem då heim for å feire (så Bangkok er relativt folketom dei dagane), små og store samlas i heimane og ute i gatene for å delta i feiringa, i ført fargerike skjorter, bevæpna med vannpistolar, bøtter, koppar, kar, tønner (alt du kan fylle vatn i) og talkum pulver trekk dei saman for det som mest av alt ser ut som verdens største vannkrig.
"Mitt Thailand" er ikkje mile lange kvite strender, billege skreddera på kvart hjørna, europeiske språk rundt deg kor du snur deg, nattklubbar og gogo barar, tilbud om massasje kvart tiande skritt du tek, er ikkje bileta du finn i reklamar frå reisebyrå... "Mitt Thailand" ligg langt frå sjøen, utpå den thailandske landsbygda i Isaan, ein liten stad som heiter Bung Or, ein liten stad der hanar, hundar og munkar samarbeider om å vekke alt og alle grytidleg kvar einaste morgon, ein liten stad der du må leite godt skal du finne nokon som kan meir enn fem ord på engelsk, ein liten stad fjernt, fjernt frå turismen og europeisk påvirkning. "Mitt Thailand" er natur på godt og vondt, høns i vegkanten, nydelige planter og sommarfuglar, men og slangar og andre mindre koselige skapningar. "Mitt Thailand" er ein verden eg stadig blir påminna om at eg ikkje heilt forstår men som likevel er ein stad eg nyt å vera. "Mitt Thailand" skal nok få mange linjer i denne bloggen, men i dag nøyer eg meg med å dele nokon bilder frå denne staden...
Ikkje langt frå her eg held til i Thailand ligg Phimai historical park.
Her kan du sjå ruinane av eit av dei viktigaste khmer tempela i
Thailand, bygd på 1100 og 1200 talet (nokon bygg så seint som 1300
talet). Tempelet markere eine enden på ein gamal hovedveg gjennom Khmer
riket, vegen starta i Phimai og enda i Angkor. Dette skal ha vert den
viktigaste ferdselsåra i det gamle Khmer riket, så Phimai må ha vore ein
viktig by den gang.
Sjølv om hindu var religionen i Khmer riket, så er Phimai bygd som eit
buddhistisk tempel. Buddhisme har vore hovedreligionen i Korat området
sidan 600-talet.
Prasat hin Phimai er virkelig verdt eit besøk:)
(Men eit lite tips har du tenkt deg dit, ta gjerne med deg paraply for der kan bli veldig varmt og kjøp med deg inn drikkevarer, for det selge dei ikkje på området )