"Mitt Thailand" er ikkje mile lange kvite strender, billege skreddera på kvart hjørna, europeiske språk rundt deg kor du snur deg, nattklubbar og gogo barar, tilbud om massasje kvart tiande skritt du tek, er ikkje bileta du finn i reklamar frå reisebyrå... "Mitt Thailand" ligg langt frå sjøen, utpå den thailandske landsbygda i Isaan, ein liten stad som heiter Bung Or, ein liten stad der hanar, hundar og munkar samarbeider om å vekke alt og alle grytidleg kvar einaste morgon, ein liten stad der du må leite godt skal du finne nokon som kan meir enn fem ord på engelsk, ein liten stad fjernt, fjernt frå turismen og europeisk påvirkning. "Mitt Thailand" er natur på godt og vondt, høns i vegkanten, nydelige planter og sommarfuglar, men og slangar og andre mindre koselige skapningar. "Mitt Thailand" er ein verden eg stadig blir påminna om at eg ikkje heilt forstår men som likevel er ein stad eg nyt å vera. "Mitt Thailand" skal nok få mange linjer i denne bloggen, men i dag nøyer eg meg med å dele nokon bilder frå denne staden...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar