torsdag 17. september 2015

SWAT CAT




I utgangspunktet interessere ikkje sport det aller minste, ingen sportsgreiner, har aldri forstått meg på folk som sit benka framfor TV for å kikke på sport, har aldri sett poenge med å bruke peng på bilettar til idretts arangement... sport er KJEDELIG!
Men sport i Thailand er ikkje det same som sport i resten av verda, sport i Thailand er eit folkeliv, eit engasjement som ikkje likna noko anna, i Thailand går eg på alle greiner av idrett... og eg elskar det, men det eg likar best er Swat Cat (Nakhon Ratchasima F.C.) sine fotballkampar...





Er du nokon gong i eller i nærheten av Korat er det absolut verdt å ta turen til His Majesty the King's 80th Birthday Anniversary, 5th December 2007 Sports Complex og oppleve ein Swat Cat kamp.






Eg huskar ikkje heilt kor mange år det er sidan eg var på min første Swat Cat kamp, vil tru det er rundt 6-7 år sidan. Swat cat var ikkje i Thai Premier League då, men dit kom dei denne sessongen :) :) :)

Eg vart hekta etter første kampen eg var på, sjølv om det den gong var berre ein brøkdel av det tilskuar talet laget har i dag. På tilskuar statistikk for heile syd aust asia finn du Swat Cat som nr to etter Buriram, ikkje verst for eit lag som spelar sin første sessong i Thai Premier League. Når Swat Cat og Buriram( laget som ligg på topp av tabellen) spelte uavgjordt 11 juli vart det faktisk sat tilskuar rekord for Thai Premier League, heile 34.689 menneske samlast då på the 80th Birthday stadium...







34.689 mennesker... seier seg sjølv at det blir stemning, det er berre heil fantastisk når nokon ti talls tusen mennesker kledd i orange set igang og syng We are the cats, we are the cats...









Når eg er på kampane betle eg for dyraste bilettane og finn meg ein plass enten samen med eller så nær suporter gjengen som mulig, som sagt har eg ikkje vore den mest sports interesserte i verda, suporterane er 
minst like kjekt å sjå på som det kampen er...








Eg poste nokre linkar her, der du kan finne meir informasjon, kamp datoar, tabellar og den slags...




http://www.clubwebsite.co.uk/koratfc/87605/Home

https://www.facebook.com/Nakhon-Ratchasima-FC-English-197240730376071/timeline/?ref=profile


onsdag 25. mars 2015

WAT BAN RAI





Det utan tvil mest spesielle, facinerande, fargesprakande, innhaldsrike... ja i det heile... tempel eg nokon gong har sett er Wat Ban Rai i Dan Khun Thot.




Tempelet som og vert  kalla elefant tempelet er bustaden til den kjente munken Luang Phor Koon Parisuttho.
Luang Phor Koon Parisuttho er ein gamal mann, født 4. oktober 2466 (1923 etter vår kalender).




Wat området inneheld blant anna dette elefant tempelet, meir tradisjonelle buddhistiske bygningar, eit museum med voks figurar av  Luang Phor Koon Parisuttho, nokre av eiendelene hans, og andre buddhistiske hellige gjenstandar.









Elefant tempelet er den største mosaikk helligdomen i Asia, Thai folket har for hand satt saman over 20 millionar mosaikk fliser.








I ein blogg saag eg elefant tempelet skildra slik: "The outside of the temple looks like a Hells Angels-Hindu-Christian-Greco-Roman mash-up with Hindu looking gods being portrayed as Poseidon and possibly even Zeus." og det er ein rimelig presis skildring...









Inne i dette tempelet er det som eit kunst museum med malerier og moderne buddhistisk kunst.











På taket av elefanten står to store statuar, ein av Buddha og ein av ein munk. Der oppe får du og med deg ein flott utsikt.

Wat Ban Rai er virkelig verdt ein tur... eller fleire... trur ein kunne rusla rundt og kikka i både ei og to veker utan få med seg alle detaljar.






Dan Khun Thot ligg ein drøy time køyring fra Korat... passlig fin dagstur.

Prasat Hin Phanom Rung




Vendt mot aust (ein retning som bringer medgang og velstand) på toppen av ein 402 meter høg utdødd vulkan i Buriram provinsen, Isaan, finn du ruinane etter khmer tempelet  Phnom Rung, fullt navn  Prasat Hin Phanom Rung. Tempelet ligg langs det som var hovedvegen igjennom Khmer riket, vegen fra Angkor til Phimai.
Eit sandstein og lateritt tempel bygd i perioden mellom 900 talet og 1200 talet, eit tempel via til Shiva. Tempelet symbolisere Kailashfjellet, Shiva sin himmelske bolig. Beliggheten på toppen av denne vulkanen er virkelig med på å gjer dette til ein stad verdt å sjå, sidan meste av Thailand er flatare enn flatt, så flatt at Danmark framstår som reine alpe landskapet, så gjev desse 400 metrane høgde ein heilt enorm utsikt, føles som ein kan sjå til verdens ende.



I dei 17 åra  1971 til 1988 vart Phanom Rung restaurert, og  prinsesse Maha Chakri Sirindhorn opna det for publikum  21. mai 1988.
I dag er det ikkje mange gamle Khmer tempel hverken i Thailand eller Kambodia som er i like god stand.





Kjedelig nok så hadde eg ingen bilder som viser heile den imponerande alleen opp mot tempelet, desse to kjem ikkje eingong nær å gi eit inntrykk av kor flott det er...
Denne alleen er full av symboler, der du går er du på veg mot enden av verda og ser tempelet der framme som symboliserer himmelen, gudane sin bolig.






På vegen opp mot tempelet må du over tre Naga bruer, skulpturar av den 5-hoda slangen, Naga er vendt alle himmelretningane, og dei er voktera over vatnet på jorda. Dei skal symbolisere regnbogen, regnbogen som er symbolet på båndet som er mellom menneska si verd og gudane.
Naga figurane er frå 1100 talet eingong.



Hovedtempelet bygd i rosa sandstein vart bygd på 1000 talet, det er 9.5 meter bredt og 23 meter høgt.







Oppigjennom åra... århundra har eindel av motiva på tempel veggenet forsvunnet, mange av dei er godt prega av tida, men endo er det utrulig mykje flott arbeid å sjå om du studerer veggene.






Rundt tempelet er det og mykje fin natur å sjå og eg fann sjølvsagt flotte hanar å ta bilder av.



Som eg nevnte i starten hadde eg ikkje noko bilde som viste kor imponerande vegen opp mot tempelet er, men bildet av vegen ner igjen er igrunn litt imponerande det og...


Inngangspenger kostar 100 bath for utlendingar, eller du kan betale 150 bath for ein bilett som og gjeld for både Phanom Rung og Muang Tam.




Dette var berre litt kort om dette tempelet... men eg anbefale alle og ta ein tur.