I utgangspunktet interessere ikkje sport det aller minste, ingen sportsgreiner, har aldri forstått meg på folk som sit benka framfor TV for å kikke på sport, har aldri sett poenge med å bruke peng på bilettar til idretts arangement... sport er KJEDELIG!
Men sport i Thailand er ikkje det same som sport i resten av verda, sport i Thailand er eit folkeliv, eit engasjement som ikkje likna noko anna, i Thailand går eg på alle greiner av idrett... og eg elskar det, men det eg likar best er Swat Cat (Nakhon Ratchasima F.C.) sine fotballkampar...
Er du nokon gong i eller i nærheten av Korat er det absolut verdt å ta turen til His Majesty the King's 80th Birthday Anniversary, 5th December 2007 Sports Complex og oppleve ein Swat Cat kamp.
Eg huskar ikkje heilt kor mange år det er sidan eg var på min første Swat Cat kamp, vil tru det er rundt 6-7 år sidan. Swat cat var ikkje i Thai Premier League då, men dit kom dei denne sessongen :) :) :)
Eg vart hekta etter første kampen eg var på, sjølv om det den gong var berre ein brøkdel av det tilskuar talet laget har i dag. På tilskuar statistikk for heile syd aust asia finn du Swat Cat som nr to etter Buriram, ikkje verst for eit lag som spelar sin første sessong i Thai Premier League. Når Swat Cat og Buriram( laget som ligg på topp av tabellen) spelte uavgjordt 11 juli vart det faktisk sat tilskuar rekord for Thai Premier League, heile 34.689 menneske samlast då på the 80th Birthday stadium...
34.689 mennesker... seier seg sjølv at det blir stemning, det er berre heil fantastisk når nokon ti talls tusen mennesker kledd i orange set igang og syng We are the cats, we are the cats...
Når eg er på kampane betle eg for dyraste bilettane og finn meg ein plass enten samen med eller så nær suporter gjengen som mulig, som sagt har eg ikkje vore den mest sports interesserte i verda, suporterane er
minst like kjekt å sjå på som det kampen er...
Eg poste nokre linkar her, der du kan finne meir informasjon, kamp datoar, tabellar og den slags...
http://www.clubwebsite.co.uk/koratfc/87605/Home
https://www.facebook.com/Nakhon-Ratchasima-FC-English-197240730376071/timeline/?ref=profile








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar