Thailand er mykje meir enn strender, palmesus, prostitusjon, khao san road, dette som dominerer dei fleste turistar sitt mote med Thailand. Mitt Thailand er Isaan.
Isaan er namnet på den nordaustlege delen av Thailand, regionen som ligg oppe på Khoratplatået. Dette er den største regionen I landet, den dekke faktisk ein tredjedel av arealet og er delt I 19 provinsar (Amntat Charoen, Buri Ram, Chaiyaphum, Kalasin, Khon Kaen, Loei, Maha Sarakham, Mukdahan, Nakhon Phanom, Nakhon Ratchasima, Nong Bua Lam Phu, Nong Khai, Roi Et, Sakon Nakhon, Si Sa Ket, Surin,Ubon Ratchathani, Udon Thani og Yasothon) Dette er den fattigaste regionen I Thailand, ein jordbruksregion, men det er regionen some er i størst økonomisk vekst. Dette er regionen der Thailand, Laos og Kabodsja møtest.
Isaan har sine eigne særtrekk, skille seg fra resten av landet på mange felt, dei har egen mat, egen musikk form, kultur, språk…
Sjølv om språket dei lære på skulen her er thai, så snake dei fleste her isaan, eit språk som slekte på laotisk.
![]() |
| Isaan lunch... Som Tam og sticky rice |
![]() |
| Som Tam |
Isaan mat har som språket henta mykje frå Laos. Som Tam (papaya salat), khao niaw (sticky rice) og sure, sterke salatar er viktige stikkord når det er snakk om isaan mat.
Kultur forskjellen ser ein I dei tradisjonelle klesdraktane, ein høyr det I den tradisjonelle Mor Lam musikken (musikk du finn variantar av I Laos og Isaan regionen), tempela her har meir felles med dei du finn I Laos enn dei du finn ellers I Thailand.
![]() |
| Isaan solnedgang |
![]() |
| Nakhon Ratchasima |
Isaan har mange severdigheter some er verdt få med seg…
![]() |
| Prasat Hin Phimai |
Khmer tempel ruinane I Phimai har eg skrevet om tidlegare.
I Surin finn du og khmer tempel ruinar og den årlege elefant paraden.
I Roi Et finn du verdens største ståande Buddha figur.
![]() |
| Khao Yai |
Khao Yai var Thailands første nasjonal park og den er på UNESCO si verden arv liste.
På toppen av ein vulkan utanfor Nang Rong finn du Prasat Hin Phanom Rung eit hindu tempel via til Shiva.
Kvart år har Loei ein festival for bomulls blomstringa som er verdt oppleve.
Byen Dan Sai I same provinsen har sin Phi Ta Kon festival med eit fargerikt folkehav i og rundt paraden der dei tek på flotte tradisjonnelle masker og dreg bjeller etter seg for å rense området for onde ånder.
![]() |
| Khon Kaen |
Khon Kaen sitt nasjonal museum stille ut antikvitetar, gamle kunst skattar og til og med skjelettet av ein steinalder mann og eiendelene hans.
Phu Kradung er kjent for fjell og flotte fossefall.
Sala Kaew Ku rett utanfor Nong Khai er ein merkelig, noko bisarr park fyllt med Luang Pu Bunleua Sulilat sine enorme skulpturar der han smelte samen Buddhismen og Hinduismen.
I Nakhon Ratchasima/Korat kan du i Wat Phra Narai Maharat få med deg den gamle sandstein skulpturen av hindu guden Vishnu, vann øgler store som krokodiller og idylliske omgivelsar.
Nakhon Ratchasima Zoo med sin vannpark er absolute verdt eit besøk…
eg kunne ramsa opp utallige ting, men dette pittelitla utvalget får holde for denne gong.
![]() |
| Nakhon Ratchasima zoo |
![]() |
| Nakhon Ratchasima zoo |
Vil du oppleve eit Thailand der ikkje turistane dominere er Isaan vel verdt ein tur.
![]() |
| Sikhiu |
![]() |
| Nakhon Ratchasima/ Korat |















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar