For rett over eit år sidan kjøpt eg meg mitt første skikkelige kamera. Det manglar mykje på at eg er noko mester fotograf, men Thailand er eit supert land å øve...
Ein snill og hjelpsom venn (THANK YOU NOOM)
...med bil, som er villig til å ta meg med på tur ut der kvite folk sjelden ferdast, det gir masse både foto trening, nye opplevelsar og hygge.
Wat/tempel ligg tett her nere, og berre der staar jo motiva i kø...
Og stader som sjelden ser eit kvitt menneske (og iallefall ikkje ei dame) der hender det at munkar slepp meg inn for å sjå buddha figurar som normalt er låst inne...
Landsbygda byr jo på utallige landbruk og natur motiv,
Så masse flotte sommarfuglar og blomar...
Nokon gonger oppdage eg ting langs vegen eg ikkje heilt forstår...
(kvifor stod denne buddhaen og vannkrukka under eit tre milevis fra folk???)
Alle desse bilda er tatt i Kham Thale So området.




















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar