søndag 30. mars 2014

THAO SURANARI - YA MO





 I sentrum av Nakhon Ratchasima / Korat finn du statuen av Thao Suranari eller Ya Mo, ein populær severdighet i byen.


Ya Mo levde frå 1771 til 1852 og var gift med vise guvernøren i Nakhon Ratchasima. Heltestatusen sin fekk ho i 1826.


Den laotiske hæren, leda av Anuvoung, hadde innvadert Korat og tatt innbyggerane til fange. Khun Ying Mo (som var namnet hennar) innynda seg hjå den laotiske hæren, og fekk slik tilgang til knivar til matlaging, knivar som i skjul vart brukt til å lage spyd. Ho fekk med seg dei unge damene på å forføre og skjenke full soldatane frå Laos for så å gå til angrep. Planen hennas virka og dei soldatane som overlevde flykta. Korat var fritt. Rama III fekk då sendt ein hær leda av general Sing Singhaseni nordover og etter tre dagars kamp var Anuvoung og hans hær beseira og Vientiane var lagt i ruinar.



Etter dette  hedra Rama III motet og handlekrafta hennar ved å gi ho tittelen Thao Suranari ein tittel som på engelsk blir noko slik som BRAVE LADY, men folk kallar ho helst Ya Mo som betyr noko slik som bestemor Mo.

 
15. januar 1934 vart det reist ein statu av ho i sentrum av Korat. På høgsokkel står ein svart kopparstatu med sverd i hand og ansiktet vendt mot Bangkok. Statuen er tegna av Phra Thewaphinimmit og utført av Silpa Bhirasri. 
Når statuen vart reist var aska etter Ya Mo flytta og plassert i sokkelen.

For folk her er Ya Mo ei hellig og høgt respektert ånd som følger med, tek vare på dei og sørger for at dei har lykke, framgang og sukksess. 
Kvar ein thai som passere monumentet vil automatisk vise sin respekt og vende seg mot ho med hendene i wai og til alle døgnets tider vil du finne folk der som er komt for å vise ho ein djupare respekt, for å takke ho eller be ho om hjelp.
Eg kjenner ei som veit sikkert at einaste årsaken til at dattera overlevde alvorleg sjukdom for nokre år tilbake er at Ya Mo vart bedt om hjelp. Etter at Ya Mo har gidt deg så uvurderlig og avgjerande hjelp er det sjølvsagt viktig å vende tilbake for å takke ho og bringe ho gavar som blomar, frukt og bladgull.


Kvart år fra 23. mars (23. mars er den offisielle dagen for å feire seieren over Laos) til 3. april er det ein festival i Korat i hennar ære,ein festival for å minne folket om motet hennar.
Desse dagane vert det spelt Korat musikk og anna tradisjonell musikk for å feire, og det er ikkje berre folket i Korat som feire, desse dagane kjem folk frå heile landet for å vise respekt, offre og be om velsignelse.





Siste bilde her er foto av ein kalender eg har, resten er bilder eg sjølv har tatt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar