onsdag 25. mars 2015

Prasat Hin Phanom Rung




Vendt mot aust (ein retning som bringer medgang og velstand) på toppen av ein 402 meter høg utdødd vulkan i Buriram provinsen, Isaan, finn du ruinane etter khmer tempelet  Phnom Rung, fullt navn  Prasat Hin Phanom Rung. Tempelet ligg langs det som var hovedvegen igjennom Khmer riket, vegen fra Angkor til Phimai.
Eit sandstein og lateritt tempel bygd i perioden mellom 900 talet og 1200 talet, eit tempel via til Shiva. Tempelet symbolisere Kailashfjellet, Shiva sin himmelske bolig. Beliggheten på toppen av denne vulkanen er virkelig med på å gjer dette til ein stad verdt å sjå, sidan meste av Thailand er flatare enn flatt, så flatt at Danmark framstår som reine alpe landskapet, så gjev desse 400 metrane høgde ein heilt enorm utsikt, føles som ein kan sjå til verdens ende.



I dei 17 åra  1971 til 1988 vart Phanom Rung restaurert, og  prinsesse Maha Chakri Sirindhorn opna det for publikum  21. mai 1988.
I dag er det ikkje mange gamle Khmer tempel hverken i Thailand eller Kambodia som er i like god stand.





Kjedelig nok så hadde eg ingen bilder som viser heile den imponerande alleen opp mot tempelet, desse to kjem ikkje eingong nær å gi eit inntrykk av kor flott det er...
Denne alleen er full av symboler, der du går er du på veg mot enden av verda og ser tempelet der framme som symboliserer himmelen, gudane sin bolig.






På vegen opp mot tempelet må du over tre Naga bruer, skulpturar av den 5-hoda slangen, Naga er vendt alle himmelretningane, og dei er voktera over vatnet på jorda. Dei skal symbolisere regnbogen, regnbogen som er symbolet på båndet som er mellom menneska si verd og gudane.
Naga figurane er frå 1100 talet eingong.



Hovedtempelet bygd i rosa sandstein vart bygd på 1000 talet, det er 9.5 meter bredt og 23 meter høgt.







Oppigjennom åra... århundra har eindel av motiva på tempel veggenet forsvunnet, mange av dei er godt prega av tida, men endo er det utrulig mykje flott arbeid å sjå om du studerer veggene.






Rundt tempelet er det og mykje fin natur å sjå og eg fann sjølvsagt flotte hanar å ta bilder av.



Som eg nevnte i starten hadde eg ikkje noko bilde som viste kor imponerande vegen opp mot tempelet er, men bildet av vegen ner igjen er igrunn litt imponerande det og...


Inngangspenger kostar 100 bath for utlendingar, eller du kan betale 150 bath for ein bilett som og gjeld for både Phanom Rung og Muang Tam.




Dette var berre litt kort om dette tempelet... men eg anbefale alle og ta ein tur.

lørdag 17. januar 2015

ISAAN



Thailand er mykje meir enn strender, palmesus, prostitusjon, khao san road, dette som dominerer dei fleste turistar sitt mote med Thailand. Mitt Thailand er Isaan.



Isaan er namnet på den nordaustlege delen av Thailand, regionen som ligg oppe på Khoratplatået. Dette er den største regionen I landet, den dekke faktisk ein tredjedel av arealet og er delt I 19 provinsar (Amntat Charoen, Buri Ram, Chaiyaphum, Kalasin, Khon Kaen, Loei, Maha Sarakham, Mukdahan, Nakhon Phanom, Nakhon Ratchasima, Nong Bua Lam Phu, Nong Khai, Roi Et, Sakon Nakhon, Si Sa Ket, Surin,Ubon Ratchathani, Udon Thani og Yasothon) Dette er den fattigaste regionen I Thailand, ein jordbruksregion, men det er regionen some er i størst  økonomisk vekst.  Dette er regionen der Thailand, Laos og Kabodsja møtest. 




Isaan har sine eigne særtrekk, skille seg fra resten av landet på mange felt, dei har egen mat, egen musikk form, kultur, språk… 
 Sjølv om språket dei lære på skulen her er thai, så snake dei fleste her isaan, eit språk som slekte på laotisk.

Isaan lunch... Som Tam og sticky rice

Som Tam



Isaan mat har som språket henta mykje frå Laos. Som Tam (papaya salat), khao niaw (sticky rice) og sure, sterke salatar er viktige stikkord når det er snakk om isaan mat.


Kultur forskjellen ser ein I dei tradisjonelle klesdraktane, ein høyr det I den tradisjonelle Mor Lam musikken (musikk du finn variantar av I Laos og Isaan regionen), tempela her har meir felles med dei du finn I Laos enn dei du finn ellers I Thailand. 

Isaan solnedgang

Nakhon Ratchasima 

Isaan har mange severdigheter some er verdt få med seg… 



Prasat Hin Phimai

Khmer tempel ruinane I Phimai har eg skrevet om tidlegare. 
I Surin finn du og khmer tempel ruinar og den årlege elefant paraden. 
I Roi Et finn du verdens største ståande Buddha figur. 

Khao Yai

Khao Yai var Thailands første nasjonal park og den er på UNESCO si verden arv liste. 
På toppen av ein vulkan utanfor Nang Rong finn du Prasat Hin Phanom Rung eit hindu tempel via til Shiva. 
Kvart år har Loei ein festival for bomulls blomstringa som er verdt oppleve.
 Byen Dan Sai I same provinsen har sin Phi Ta Kon festival med eit fargerikt folkehav i og rundt paraden der dei tek på flotte tradisjonnelle masker og dreg bjeller etter seg for å rense området for onde ånder.

Khon Kaen

 Khon Kaen sitt nasjonal museum stille ut antikvitetar, gamle kunst skattar og til og med skjelettet av ein steinalder mann og eiendelene hans.
 Phu Kradung er kjent for fjell og flotte fossefall.
 Sala Kaew Ku rett utanfor Nong Khai er ein merkelig, noko bisarr park fyllt med Luang Pu Bunleua Sulilat sine enorme skulpturar der han smelte samen Buddhismen og Hinduismen.
 I Nakhon Ratchasima/Korat kan du i Wat Phra Narai Maharat få med deg den gamle sandstein skulpturen av hindu guden Vishnu,  vann øgler store som krokodiller og idylliske omgivelsar.
  Nakhon Ratchasima Zoo med sin vannpark er absolute verdt eit besøk… 
eg kunne ramsa opp utallige ting, men dette pittelitla utvalget får holde for denne gong.

Nakhon Ratchasima zoo

Nakhon Ratchasima zoo

Vil du oppleve eit Thailand der ikkje turistane dominere er Isaan vel verdt ein tur.

Sikhiu

Nakhon Ratchasima/ Korat

UT PÅ TUR

For rett over eit år sidan kjøpt eg meg mitt første skikkelige kamera. Det manglar mykje på at eg er noko mester fotograf, men Thailand er eit supert land å øve...


Ein snill og hjelpsom venn (THANK YOU NOOM)

...med bil, som er villig til å ta meg med på tur ut der kvite folk sjelden ferdast, det gir masse både foto trening, nye opplevelsar og hygge.


Wat/tempel ligg tett her nere, og berre der staar jo motiva i kø...




Og stader som sjelden ser eit kvitt menneske (og iallefall ikkje ei dame) der hender det at munkar slepp meg inn for å sjå buddha figurar som normalt er låst inne...



Landsbygda byr jo på utallige landbruk og natur motiv, 




Så masse flotte sommarfuglar og blomar...






Nokon gonger oppdage eg ting langs vegen eg ikkje heilt forstår...


(kvifor stod denne buddhaen og vannkrukka under eit tre milevis fra folk???)

Alle desse bilda er tatt i Kham Thale So området.


søndag 13. juli 2014

Asanha Bucha






Denne helga har Thailand feira Asanha Bucha. Ved fullmåne den  åttende månden (etter asiatisk kalender, som regel i juli) feirar buddhistane i Thailand Asanha Bucha.







 Dette er ei av dei viktigaste buddhistiske høytidene, og feiringa er for å minnast Buddha sin første preken og grunnlegginga av den buddhistiske sangha (ordinering av buddhistiske munkar).





For thai menn/gutar er det difor ein populær dag å gå inn i tempelet som munk for ein periode.








Buddhistane i Thailand besøke sitt lokale wat og ein av gavene dei tradisjonelt har med under Asana Bucha er talgelys. Ein tradisjon fra tida før elektrisiteten når munkane trong ekstra lys i denne mørke tida av året. Eindel av sermonien dei gjer under besøket i wat'et er å gå rundt tempelet med tennt lys og lotus blomar.






I byar rundt i Thailand er det opptog der talg/talgelys er sentralt. Dei lagar enorme flåtar med talg skulpturar. 





Bilda eg legg ut her er fra feiringa i Korat/Nakhon Ratchasima. Eg tok turen til YaMo Plaza og beundra flåtane som stod oppstilt der.





YaMo fann eg på fleire av dei.






lørdag 28. juni 2014

Ein mini oppdattering, berre for aa faa delt ein link...

WHAT'S ON KORAT

 
Korat har faatt ei engelsk spraaklig nettside med informasjon om det meste som er kjekt aa vite om byen...
 
Der ser du kva engelsk spraaklige  filmar som gaar paa kino, her faar du anbefalt spisesteder, her er finn du tips om kor du kan henvende deg ynskjer du laere spraaket, her er liste over nyttige tlf nr som noednr, sjukehus, imigrasjonskontoret, busstasjonen, jernbanestajonen og denslags. Ynskjer du live musikk finn du tips om kor du boer gaa, du finn kart over byen og du finn tlf nr til fleire tuk tuk sjaafoerer og minibussutleie. Her er tips og informasjon om forskjellige utflukter og blir lagt ut informasjon om ulike arrangement. Alle som oppheld seg i byen eller tenke seg ein tur innom her boer sjekke ut What's on Korat.
 
 
Sida er heilt ny endo, saa den har nokon manglar, men gi dei litt tid saa vil det garantert bli ei bra side.   What's on Korat si facebook side finn du ved aa foelge den linken.