mandag 31. mars 2014

Valg i Thailand

 

I dag vil eg berre dele eit bilete som eg har "stjålet" frå Isaan Thailand facebook sida... bilete treng ikkje tekst.

 

søndag 30. mars 2014

THAO SURANARI - YA MO





 I sentrum av Nakhon Ratchasima / Korat finn du statuen av Thao Suranari eller Ya Mo, ein populær severdighet i byen.


Ya Mo levde frå 1771 til 1852 og var gift med vise guvernøren i Nakhon Ratchasima. Heltestatusen sin fekk ho i 1826.


Den laotiske hæren, leda av Anuvoung, hadde innvadert Korat og tatt innbyggerane til fange. Khun Ying Mo (som var namnet hennar) innynda seg hjå den laotiske hæren, og fekk slik tilgang til knivar til matlaging, knivar som i skjul vart brukt til å lage spyd. Ho fekk med seg dei unge damene på å forføre og skjenke full soldatane frå Laos for så å gå til angrep. Planen hennas virka og dei soldatane som overlevde flykta. Korat var fritt. Rama III fekk då sendt ein hær leda av general Sing Singhaseni nordover og etter tre dagars kamp var Anuvoung og hans hær beseira og Vientiane var lagt i ruinar.



Etter dette  hedra Rama III motet og handlekrafta hennar ved å gi ho tittelen Thao Suranari ein tittel som på engelsk blir noko slik som BRAVE LADY, men folk kallar ho helst Ya Mo som betyr noko slik som bestemor Mo.

 
15. januar 1934 vart det reist ein statu av ho i sentrum av Korat. På høgsokkel står ein svart kopparstatu med sverd i hand og ansiktet vendt mot Bangkok. Statuen er tegna av Phra Thewaphinimmit og utført av Silpa Bhirasri. 
Når statuen vart reist var aska etter Ya Mo flytta og plassert i sokkelen.

For folk her er Ya Mo ei hellig og høgt respektert ånd som følger med, tek vare på dei og sørger for at dei har lykke, framgang og sukksess. 
Kvar ein thai som passere monumentet vil automatisk vise sin respekt og vende seg mot ho med hendene i wai og til alle døgnets tider vil du finne folk der som er komt for å vise ho ein djupare respekt, for å takke ho eller be ho om hjelp.
Eg kjenner ei som veit sikkert at einaste årsaken til at dattera overlevde alvorleg sjukdom for nokre år tilbake er at Ya Mo vart bedt om hjelp. Etter at Ya Mo har gidt deg så uvurderlig og avgjerande hjelp er det sjølvsagt viktig å vende tilbake for å takke ho og bringe ho gavar som blomar, frukt og bladgull.


Kvart år fra 23. mars (23. mars er den offisielle dagen for å feire seieren over Laos) til 3. april er det ein festival i Korat i hennar ære,ein festival for å minne folket om motet hennar.
Desse dagane vert det spelt Korat musikk og anna tradisjonell musikk for å feire, og det er ikkje berre folket i Korat som feire, desse dagane kjem folk frå heile landet for å vise respekt, offre og be om velsignelse.





Siste bilde her er foto av ein kalender eg har, resten er bilder eg sjølv har tatt.

tirsdag 25. mars 2014

LEELAWADEE





For meg er denne planten sjølve symbolet på Thailand. Egentlig kjem planten fra omraadet sydamerika, mellomamerika, Karibeen og Meksiko og det egentlige navnet er visst Plumeria, men på thai kallar dei den Leelawadee og du finn den over alt i Thailand.








...og du finn den i ei rekke fargar... kvit, gul, dei fleste nyansar av rosa, lys lilla og orange, men vanligast er nok den kvite.






For ei tid sidan var det nokon som fortalte meg om denne planten si "historie" i Thailand og det eg lærte var så thai at det i seg sjølv er grunn nok til å elske denne blomen... og eg fann ut at dette måtte få plass i bloggen..









Planten har nemlig ikkje alltid hatt same plass i Thailad, før så var den ikkje å sjå overalt, den vart kun brukt i Wat, utanfor offentlige bygg og rundt kongelige residens... faktisk heiter den heller ikkje Leelawadee før...







Tidlegare vart blomen kalla Laan-Tom... som i uttale høyres nesten ut som Ra-Tom... Ra-Tom betyr deprimert; trist, sørgelig og slike negative ting, navnet gjorde at folket her trudde det brakte ulykke om du planta den i hagen din, så det gjorde dei ikkje. Derfor vart det bestent å gi planten eit nytt navn, og den fekk navnet med stikk motsatt betydning... Leelawadee som betyr lykke og glede og dei gode følelsane...









... og vips så hadde folket i Thailand eit heilt anna forhold til den og du ser den kor enn du snur deg,






Lesehest som eg er så hugsar eg å ha møtt på planten i litteratuern og, i The Picture of Dorian Gray hugsar eg at det vart lagt ut blader med plumeria lukt i rom.
I romanen Parfymen er dette lukta gamle Baldini brukar.
Enkelte stader i Asia heiter den Champa, om med det navnet finn me den som tittel i ei  av Tagore sine noveller.
Eg veit det er fleire store forfattera som har tatt den inn i bøkene sine ôg, måtte berre spore litt av og nevne nokre.



Men dette får vere nok om denne blomen...



Berre nokre få bilder...







mandag 2. september 2013

TIMEOUT GELATO BARS, HUA HIN

Detta e berre plassen for alle som er glad i is <3
Spesielt sorbetane deiras er fantastiske... 
Passjonsfrukt sorbeten er noko av det beste eg nokonsinne har smakt.

El Murphys Hua Hin

Er du i Hua Hin og vil ha god mat og god musikk så går du på El Murphys :)))
(eller hvis du vil ha ein god drink)
Først og fremst har det vore musikken som har dradd meg tilbake til El Murphys kvar gong eg er i Hua Hin. The Stonehead band levere alltid:) 
"Stairway to heaven", "Black magic woman", "Smoke on the water", "Suzie Q", "Knocking on heavens door" er blant nummera på spelelista deiras:)
Men det er ikkje bare musikken som gjer El Murphy til min favoritt bar i Hua Hin, dei ansatte er trivelige (uten å overdriva det), atmosfæren er god og maten er jammen god den òg:)
Har leita lenge etter god ostekaka i Thailand utan å finne det, men me fann det på El Murphys:)

Så i kveld skal eg tilbake for god musikk, god mat og sikkert ein god coctail òg :)




The Stonehead band


Skal du ut og høyre god musikk i Hua Hin så er El Murphys plassen... Bandet The Stonehead er kjempe gode og fulle i sjarm :)

tirsdag 20. august 2013

Eg er blitt hekta....

Har hatt eit lite rydde og slette raid på pc'en min i dag og når eg kikka på bilda så kom eg fram til at berre frukta i dette landet er jo god nok grunn til å busette seg her...


Vannmelonen smakar så mykje meir og bedre enn i Norge og dei selge den overalt...





Det er alltids ein palme du kan sende ein thai opp i for å plukke nokon kokosnøtter...




 Mangusteen er viktig å få med seg nok av i sessongen (som er alt for kort), grisete å eta, men heilt fantastisk på smak...



Frisk falang (eller guava heiter det vel skal det vera rett) er aldri feil...




Sur mango dyppa i ein sterk chili blanding er jo skikkelig snop...




Søte, saftige rambutan er jo nydelige både til å eta og til å sjå på...




Sala kan ein få heile året (forresten nokon som veit om noko norsk navn på sala?)




Ka-noon smaken har me ikkje noko i Norge me kan samenlikne med... snadder eg kan knaske på heile dagen... (Jackfruit heiter den vel på engelsk, men igjen... nokon som veit om eit norsk navn på den?)




Tamarind er kanskje ikkje det som ser mest fristande ut... men gu ko godt, både i sin naturlige form og i den spicy varianten på boks. Eg må alltid ha med meg eit stort lass spicy tamarind når eg fere til Norge...











 I hagen har eg nydelige pasjonsblomar... men ikkje frukt, den må eg kjøpa, men til ein heilt, heilt anna pris enn kva du må ut med i Norge...





Chompho (eller noko slik) er ei slik frukt eg alltid endar med å dra med meg heim på varme dagar, kanskje ikkje mest smak, men så frisk og leskande...

Eg må nok berre innsjå at eg er blitt hekta på frukt... 



Om ikkje kvelden vert avslutta med ei god bok og frukt så e da noko som mangla...

Det rare med dette er at etter at me flytta heim til Norge fra Gran Canaria i 1989 så har eg knappt smakt ei frukt... tvile på at eg på dei åra har spist så mykje som 10 frukter, eit snitt på mindre enn ei halv frukt i året...
 Trur eg har i meg meir enn det før frukost kvar dag, nå... 

Jaja... e vel ikkje verste avhengigheten eg kunne enda med...